Trur også at mange av dei som er mest aktive i diskusjonen om trommer faktisk ikkje går på kamp ein gong. Har brukt litt tid i det siste på å lese gjennom diskusjonane og er noko satt ut av engasjementet og sinnet slike folk kan ha i seg for noko som ikkje er aktuelt for dei.
09.03.2026 20:34 —
👍 7
🔁 0
💬 2
📌 0
Mitt inntrykk etter å ha diskutert tromme med fleire trommemotstandarar som faktisk står på Frydenbø er at det som regel er gode diskusjonar på eit heilt anna nivå enn Ballspark og kommentarfelta. Det er friksjon og usemje, men alt gørret og vaset på nett er ikkje representativt for Brannsupportarar
09.03.2026 20:31 —
👍 21
🔁 0
💬 1
📌 0
God podcast som har satt seg inn i både årsmøte og trommediskusjonen.
09.03.2026 20:26 —
👍 14
🔁 0
💬 1
📌 0
Bataljonen har tribunemøte i morgon, tysdag kl 1830 på Stadion. Det er også mulig å delta digitalt (inntil 100 plassar). Påmelding på Bataljonen.no
09.03.2026 17:47 —
👍 20
🔁 8
💬 2
📌 0
Lagt ut ein lang tråd med 16 meldingar om Brann. Trur kanskje dei kom litt hult etter bulter sidan eg ikkje er så teknisk anlagt.
07.03.2026 11:19 —
👍 7
🔁 0
💬 0
📌 0
Likevel vil eg oppfordre alle som er oppteken av Brann og vidare utvikling av supportarkulturen vår å tenkje gjennom korleis ein sjølv kan bidra til å utvikle kulturen og korleis vi kan ta vare på dei mest aktive supportarane våre. Alle vi som er glade i klubben har eit ansvar for det.
07.03.2026 11:10 —
👍 5
🔁 0
💬 1
📌 0
Betyr dette at eg meiner det ikkje skal vere lov med diskusjon? Jo, det er alltid lov med diskusjon og konstruktive diskusjonar med folk som er aktive har vore nyttig i utviklinga av supportarmiljøet.
07.03.2026 11:10 —
👍 0
🔁 0
💬 0
📌 0
Enten det er folk i Bataljonen, tifomiljøet eller i andre deler av den aktivistiske rørsla. Ingen får betalt og fleire legg ned svært mykje tid og får mykje usakleg og urimeleg kritikk frå folk som bidrar svært lite.
07.03.2026 11:09 —
👍 6
🔁 0
💬 2
📌 0
Eg er bekymra over at vi mister dei kreftene som gjer mest og står igjen med dei som leverer analyser over kva andre burde gjort på internett. Sjølv er eg ikkje lengre så aktiv og då kjenner eg på eit særleg ansvar for å stå opp for dei mest aktive.
07.03.2026 11:09 —
👍 8
🔁 0
💬 1
📌 0
Det eg er mest redd for med trommediskusjonen er at vi skal tilbake til ein supportarkultur som i stor grad handlar om diskusjon, kritikk og knallharde meiningar på internett om kva andre burde ha gjort istadenfor ein kultur der svært mange bidrar på ulike måter til eit stort og levande miljø
07.03.2026 11:08 —
👍 6
🔁 0
💬 1
📌 0
Det er svært mange supportarar frå ulike miljø som på ulikt vis bidrar til å skape ein stor og aktivistisk supportarscene framfor ein stor og passiv kommentarfeltscene. Dei som har gjort mest er det utskjelte ultrasmiljøet. Eg er ikkje ultras. Men eg er svært imponert over aktivismen deira.
07.03.2026 11:08 —
👍 5
🔁 0
💬 1
📌 0
Med nye flagg, sanger, merch, klistremerker, fanziner, podcaster, pubsamlingar, reiser til bortekampar, idrettspolitisk engasjement, mobilisering på ulike nivå og ikkje minst ei tifogruppe som faktisk er på eit internasjonalt nivå.
07.03.2026 11:06 —
👍 5
🔁 0
💬 2
📌 0
I det store Brannmiljøet har vi dei seinaste åra fått svært mange nye organiserte og halvorganiserte grupper og miljø som alle bidrar til å skape ein dynamikk på eit heilt nytt nivå.
07.03.2026 11:06 —
👍 6
🔁 0
💬 1
📌 0
I seinare arbeid med Alle må gå, Obos med Brann er større enn, Ove Thue-marsjen, konkret mobilisering til einskildkampar, Boikott Qatar og VAR-saka har eg opplevd det same. Brannmiljøet får til utruleg mykje saman når fokuset er på kva vi skal gjere framfor på kva vi skal meine.
07.03.2026 11:05 —
👍 5
🔁 0
💬 1
📌 0
Det slo meg at i supportarmiljøet var det enormt mange flinke og greie folk som fekk til mykje viss vi klarte å organisere engasjementet og arbeide med ein kultur for aktivisme.
07.03.2026 11:04 —
👍 7
🔁 0
💬 1
📌 1
I arbeidet med saka om kunstgras kom vi i kontakt med fleire andre supportarar frå fleire ulike miljø som var svært klare for å arbeide konkret med å stoppe planane om kunstgras.
07.03.2026 11:04 —
👍 5
🔁 0
💬 1
📌 0
Alle var i mot det, men få gjorde noko med det utover å meine veldig sterkt at det var veldig dumt. Eg var frustrert over både klubben, Bataljonen og BGG. Då slo det meg at eg nesten burde gjere noko sjølv viss eg var så engasjert i saka.
07.03.2026 11:03 —
👍 5
🔁 0
💬 1
📌 0
Eg har fått meir og meir respekt for dei få supportarane som faktisk var aktive og gjorde noko for å utvikle supportarkulturen i denne perioden.
Eit vendepunkt for eigen del, og ein del andre supportarar, var saka om kunstgras.
07.03.2026 11:02 —
👍 6
🔁 0
💬 1
📌 0
Og hadde også ei rekke ulike sterke meiningar om kva andre burde ha gjort, men eg gjorde ingenting utover å gå på kamp og synge med viss timinga, sangen og kampbiletet passa mine preferansar.
07.03.2026 11:01 —
👍 5
🔁 0
💬 1
📌 0
Det har vore eit stort engasjement, men likevel eit supportarmiljø som i det store og heile har fått til relativt lite med tanke på kor stor klubben er. Sjølv var eg i heile denne perioden veldig interessert i supportarkultur og oppteken av Brann.
07.03.2026 11:01 —
👍 5
🔁 0
💬 1
📌 0
Men eg trur den viktigaste forklaringa er ei haldningsendring internt i store deler av supportarmiljøet.
Historisk på 2000-talet har miljøet vore prega av svært mange diskusjonar, meiningar, innspel og kritiske perspektiv på kva Brann, Bataljonen, Store Stå og alle andre burde ha gjort annleis.
07.03.2026 11:00 —
👍 6
🔁 0
💬 2
📌 0
Veldig lang tråd om Brann:
Dei siste åra har det vore ei enorm utvikling i supportarmiljøet til Brann. Det er langt større, mangfaldig og aktivt enn nokon gong. Utviklinga heng naturlegvis også saman med korleis avdeling sport har prestert.
07.03.2026 10:59 —
👍 33
🔁 2
💬 3
📌 4
Eg er jo for at klubben ikkje skal ‘satse’. Samstundes er det liten tvil om at Brann har ein historisk god økonomi som gjev grunnlag for å bruke meir penger enn tidlegare. Kan forstå at økonomidirektør snakkar handlingsrommet litt ned.
06.03.2026 21:27 —
👍 2
🔁 0
💬 0
📌 0
Jo, Brann kan bruke meir penger på spelarkjøp og lønningar i framtida sidan ein veit det kjem inn midlar. Som vist på årsmøte betaler heller ikkje Brann heile overgangssummen med ein gong. Samd i at det vart gjort eit i overkant stort poeng av at kontantbehaldninga ikkje hadde auka.
06.03.2026 21:25 —
👍 1
🔁 0
💬 1
📌 0
Fann denne teksten i Barten nr 12 1997 som gav uttrykk for ein viss frustrasjon over det sittande publikum. Var hardare retorikk før.
06.03.2026 18:14 —
👍 39
🔁 0
💬 4
📌 1
Samd i at det var arrogant. Men står for innhaldet, eg er lei av alle dei sterke og mange meiningane hans om kva som skjer på Frydenbø. Ingen har definisjonsmakt, men vi har ulike meiningar. Eg meiner det er støy, andre kan sjølvsagt meine det er interessant.
06.03.2026 13:18 —
👍 2
🔁 0
💬 0
📌 0
Det at dei som står på Frydenbø er viktigare i diskusjonen om kva som skal skje på kortsida meiner eg er rimeleg.
06.03.2026 12:21 —
👍 1
🔁 0
💬 1
📌 0
No har ikkje eg noko rolle i Bataljonen og representerer ingen andre enn meg sjølv. Men trur det er fornuftig at ein del folk utanfor kortsida tenkjer seg litt meir om før dei kjem med alle analysane, meiningane, kritikken og ideane sine.
06.03.2026 10:18 —
👍 2
🔁 0
💬 0
📌 0
Ja, er litt ‘vi mot dem’. Trur mange er luta lei kva andre som ikkje står på kortsida meiner om kortsida. Det er liksom ingen grenser for mykje meiningar og analyser ein del har om oss som dei i tillegg forventar at vi skal lytte audmjukt til.
06.03.2026 10:11 —
👍 0
🔁 0
💬 1
📌 0
I saka om VAR ser eg ikkje noko grunn til at supportarmiljøet skal ha ei tyngre stemme enn andre tilskodarar/ medlemmer. Eg er mot VAR, men viss andre medlemmer hadde mobilisert for at Brann skulle endre vedtak i den saka er det openbart heilt fair.
06.03.2026 10:09 —
👍 0
🔁 0
💬 1
📌 0