Utdrag av eit essay i Morgenbladet med overskrifta DET ER HÅPLAUST, MEN VI GIR OSS IKKJE. Ingress: Sist han var president, kjøpte eg dorullar med bilete av Trump på. Om eg ikkje var eit dårleg menneske frå før, så har eg i allefall blitt det no. Sit og konspirerer og hissar meg opp. Det er håplaust, og eg gir meg ikkje, skriv Olaug Nilssen.
Siste avsnitt av eit essay i Morgenbladet av forfattaren Olaug Nilssen, samt bilete av forfattaren. Tekst: Men her ligg også løysinga. Det er ikkje nødvendig å grave seg ned i verdsnyhender. Fascismen kan ein kjempe mot i nærmiljøet kvar einaste dag. Fascismen i seg sjølv kan ein også kjempe mot kvar einaste dag. Heller ikkje dei små kampane er enkle, men det er enklare å stoppe seg sjølv frå å seie "det finst berre to kjønn" enn å overtyde Donald Trump om at han ikkje er eit veldig stabilt geni. Og kanskje er det også ein kamp mot fascismen å kysse på kjøkkenet, uansett om det forløyser ei kjærleikshistorie eller ei?
Ja, @oggus77.bsky.social! Strålande essay i @morgenbladet.no i dag. Eg stiller meg heilhjarta bak manifestet i tittelen og gler meg over alle referansane til Ringenes herre i teksten (og den eine til Sogn og Fjordane - vekke frå kartet, alltid i hjartet ❤️) La oss kysse på kjøkenet, alle!
04.04.2025 17:38 —
👍 12
🔁 2
💬 2
📌 0
Åh takk! Eg gløymte faktisk at Sogn og Fjordane er nedlagt.
06.04.2025 19:04 —
👍 1
🔁 0
💬 1
📌 0
På denne dag, etter denne veka, spør eg meg sjølv:
Er det politikerforakt eg lir av, eller er det Arbeiderparti-forakt?
Vissen rose-emoji for det siste, glorie-emoji for «eg foraktar aldri nokon, viser berre til eikvar tid empati».
03.12.2024 16:23 —
👍 4
🔁 0
💬 0
📌 0
Eg skulle eigentleg ha vore på teater på Os, men fekk det for travelt. Skal etter kvart ete middag og drikke raudvin
23.11.2024 17:11 —
👍 0
🔁 0
💬 0
📌 0
Takk Marita! Godt å sjå deg, lenge sidan sist.
21.11.2024 16:29 —
👍 0
🔁 0
💬 0
📌 0
Eg har ikkje visst heilt kva eg skulle skrive her. Men eg innser ut frå det eg les at det kan vere greitt å meine noko om kvifor eg ikkje er på X. Eg sletta kontoen min då elon musk tok over, og er stolt beskyttar av eigen mentale helse.
21.11.2024 15:23 —
👍 18
🔁 0
💬 1
📌 0
– Det er ingen AI-tilhengere i Norge - BOK365.no
– Hvis forfatterne skriver til meg på en høflig og konstruktiv måte, har jeg ingen problemer med å endre tekstene, sier mannen bak Leserlyst.com.
«– Igjen, jeg beklager hvis nettsiden ikke har den kvaliteten som noen forfattere forventer.»
Kor mange er det eigentleg igjen av oss? Forfattarar som vil ha ekte beklagelsar og ekte menneske bak innhaldet?
21.11.2024 15:20 —
👍 6
🔁 0
💬 1
📌 0
Dette «bok» har kome for å bli 😏
20.11.2024 20:14 —
👍 5
🔁 0
💬 2
📌 0