Det trur eg ikkje, eg trur heller det må vere utruleg vanskeleg å vere demokratisk politikar i USA i dag. Kor lenge skal ein la folk svelte? Kor mykje skal ein ofre?
10.11.2025 07:08 — 👍 1 🔁 0 💬 1 📌 0@hildhaav.bsky.social
Gitt opp Twitter/X, Trump og Musk, og håper framleis på ei betre verd. Samf.eng. lærar m/særleg int. for norskfaget og sjølvsagt barns levekår. Håper å finne igjen folka frå Twitter + nye.
Det trur eg ikkje, eg trur heller det må vere utruleg vanskeleg å vere demokratisk politikar i USA i dag. Kor lenge skal ein la folk svelte? Kor mykje skal ein ofre?
10.11.2025 07:08 — 👍 1 🔁 0 💬 1 📌 0Det positive kan vere at enda fleire får augene opp for kor kyniske republikanske politikarar (Trump) er, og at det svekkar populariteten til Trump enda meir?
10.11.2025 06:58 — 👍 1 🔁 0 💬 1 📌 0Godt at ein forskar trekker fram nokre av metastudiane om effekt av å fengsle barn. Forskinga er klar, straff funkar dårleg på barn. «Den begrensede effekten av fengsling på gjentagelse av kriminelle handlinger må anses som et kriminologisk faktum». www.khrono.no/helgheims-bl...
10.11.2025 06:25 — 👍 37 🔁 16 💬 0 📌 1Alle vet at statsministeren ikke er antisemitt. Alle. Enten de liker ham eller ikke. Inkludert lederen i Krf. Alle partier på Stortinget burde funnet sammen og fordømt Israels regjering for disse uhyrlige beskyldningene.
I natt er det Krystallnatten. Knus nazismen. Overalt. Alltid.
Nå kjenner eg det rykkar i raudblyanten, og eg kjenner sterk trong til å gje journalisten ei tilbakemelding. Er dette ein ny trend?
09.11.2025 21:57 — 👍 0 🔁 0 💬 0 📌 0Verdiar er viktig, og ting endrar seg. Det er forholdsvis stor avstand mellom AP og Rødt i fleire saker, og ein gong var det stor avstand mellom KrF og FrP.
09.11.2025 18:32 — 👍 0 🔁 0 💬 0 📌 0Det håper eg, Venstre høyrer ikkje til på høgre-høgre-sida.
09.11.2025 17:35 — 👍 0 🔁 0 💬 1 📌 0Einig, og alternativet pliktår, er vel ikkje noko alternativ. Tidlegare tenkte me på ulike yrke som kall; legar, sjukepleiarar, lærarar, - den tida er ugjenkalleleg forbi. Uforståeleg at "puppe,- og lår-bransjen" meiner dei gjer samfunnsnyttig arbeid, spesielt når helsevesenet skrik etter folk.
08.11.2025 23:22 — 👍 1 🔁 0 💬 0 📌 0Oi, det hadde eg ikkje makta. Eg kan tilgje mykje, det har eg òg gjort, men eg klarer ikkje å helse på faren til ei jente som blei misbrukt av han då ho var barn/ungdom. Ho er død, han ferdig sona, men eg kjem aldri til å helse på han. Nokre ting er verre enn andre.
08.11.2025 23:09 — 👍 2 🔁 0 💬 1 📌 0Takk🌹 Tenkt på det lenge, så gjorde eg det veka før "bommertane" og fekk plutseleg litt å forsvare.
07.11.2025 22:38 — 👍 1 🔁 0 💬 0 📌 0Gratulerer 🎉 Håper ho hamnar under mangt eit juletre.
07.11.2025 22:36 — 👍 1 🔁 0 💬 1 📌 0NEI! Er det dette eg skal bruke tid på nå, skriveopplæring? Helsing nytt medlem
07.11.2025 22:34 — 👍 1 🔁 0 💬 1 📌 0Me er heldige, me i vest: velge og vrake i vakker natur.
07.11.2025 18:25 — 👍 1 🔁 0 💬 0 📌 0Vakkert, er det i nærleiken av Sauda?
07.11.2025 17:42 — 👍 1 🔁 0 💬 1 📌 0Jobba frå 20-50% stilling dei fleste åra, òg berre eitt år som fulltidsstudent.
05.11.2025 23:38 — 👍 1 🔁 0 💬 0 📌 0Når godt vaksne menn utan hår, med langt skjegg og stor livvidde, stoppar, smiler og begynner å fortelje kor dei nå er i verda, - og eg står der og lurer på kven dette mennesket er. 15-åringen eg hugsar, finst ikkje lenger.
04.11.2025 22:39 — 👍 1 🔁 0 💬 0 📌 0Eg har hatt fleire av mine livs augneblink, nettopp i klasserommet, men parfyme og fotsvette kunne eg klart meg utan😉
04.11.2025 22:29 — 👍 1 🔁 0 💬 0 📌 0Det er til tider ganske kvalmande i parfymetunge klasserom. Sjå føre deg 25-30 elevar rett frå gymtimen, ikkje alle har vore i dusjen, men fulle av "godlukt" er dei, alle som ein, - og ikkje bruker dei same parfyme, heller. Sjølv har eg vore på sjukehus og rehab. med parfymeforbod: fantastisk.
04.11.2025 22:22 — 👍 1 🔁 0 💬 1 📌 0Eg håper at skulen kan ta litt av æra for auke i lesing blant dei unge. Lesekvart og romanlesing på ungdomstrinnet + ev faktabøker; minimum 2 bøker i året. Fleire elevar har på ungd.trinnet, lese si første bok, - og fortsatt med det. Nå har Mållaget nynorskstafett, noko som og bidrar til auke.
03.11.2025 23:51 — 👍 1 🔁 0 💬 1 📌 0Ei venninne måtte føde eit dødfødd barn, dette er nokre år sidan. Slik eg har forstått det, kunne ho, ved ope abortgrense, fått seinabort isf å bli tvinga til å føde barnet Eller har eg misforstått omgrepet seinabort etter 22. veke?
03.11.2025 19:29 — 👍 1 🔁 0 💬 1 📌 0Fin hund, liknar på jamthund som me var så heldige å ha i 14 år🥰 Eg likar best hundar av ein viss storleik; "brukshundar".
02.11.2025 12:43 — 👍 0 🔁 0 💬 0 📌 0God artikkel. Når nokon vil sette religiøs tru over demokrati og individuell fridom, ser me verkeleg faren ved å blande religion og politikk.
02.11.2025 12:33 — 👍 6 🔁 0 💬 0 📌 0Nitrist og farleg. Så får me berre håpe at ungdomen, som ofte har vener på tvers av etnisitet, ikkje lar seg lokke inn i dritten. Men med den konservative kristendomen på frammarsj, så er eg ikkje udelt optimistisk.
02.11.2025 11:19 — 👍 0 🔁 0 💬 0 📌 0Litt kluss her: min kommentar var til Kjell-Ego, ad støtte til M.L.B. Me lyttar ikkje til kvarandre lenger, me snakkar TIL og ikkje med, og går til angrep. Det kjem det aldri noko godt ut av.
02.11.2025 08:38 — 👍 1 🔁 0 💬 0 📌 0Me må vere rederlege å gje folk kred når dei fortener det. Tina Bru bl.a, gjekk hardt ut mot hetsen mot Marie Lan Berg.
www.nrk.no/norge/tina-b...
Heilt einig. Det hender eg ønskjer ein meir konfronterande reaksjon, t.d oppsøkjande tv-folk på direkten... Var vel eit liknande program i Sverige tidlegare? Det nytter jo ikkje at andre går inn og korrigerer, det hissar dei ofte berre meir opp. Vekk med kommentarfelta?
01.11.2025 23:39 — 👍 1 🔁 0 💬 1 📌 0Dei er utruleg konservative, som å gå hundre år tilbake i tid. Dei er òg overbevist om kva som er den "rette lære", ofte med ein karismatisk leiar.
Kva det skuldast? Kanskje lengt etter samhald og noko felles å "kjempe" for? Men dei ser ikkje utanforskapen og kva samfunn dei sjølv skapar!
Nei, heldigvis ikkje, men eg har, dessverre, sett fleire av desse truslane, som òg kjem frå kvinner. Det skremmer meg skikkeleg. Ein kan knapt diskutere/vere ueinige om nokonting på nett i desse dagar. Alle kan jo ikkje vere ustabile der ute.. Gode diskusjonar, det å lytte, - det er jo gull verd.
01.11.2025 23:24 — 👍 1 🔁 0 💬 1 📌 0Stemmer det? Gjekk ikkje Høgre,og FrP-politikarar ut og støtta Lan Marie N. B, då hetsen mot henne gjekk over alle støvleskaft? Hadde me ikkje den same debatten den gongen? Eg er for øvrig sjølv på venstresida, men ser at debattklima ikkje er noko å rope hurra for på mi eige sida heller alltid.
01.11.2025 23:10 — 👍 1 🔁 0 💬 2 📌 0Det er vel truslane mot Hovland som har øydelagd debatten om innhaldet i det ho sa, - og som har ført til at me endar opp med debatt om ytringsfridom? Truslane tar fokuset vekk frå det me eigentleg bør diskutere, og samstundes viser det kor usunt debattklima me har fått.
01.11.2025 23:03 — 👍 0 🔁 0 💬 1 📌 0